lørdag 6. august 2011

Har komme tilbake for å reise igjen snart

Alle har det travelt i sommerferien, og eg er ikkje noko untak. Dei siste ukene har det skjedd noko heile tida. Fyrst Vatnar, så på leir i Danmark, helgetur i Grimstad, jobbe hos tante og til slutt frå måndeg av så skal eg reise til ein veninne og blir borte heile veka.
Sjølv om det er velig gøy å vere saman med venner og familie i ferien, så er det viktig at me ikkje gløymer det som er viktig mellom alle badeturene og kortspilla. På denne tida er det lov å slappe av og kose seg, men ikkje sløs tida bort. Det er alt for mange ting ein må gjere før du sett deg ned med tv eller data resten av dagen.
Ta deg ein liten stund som bare handlar om deg og Gud. Ta deg ein pustepause og ver aleine med Gud uten press frå nokon og be litt med Gud.
Det er viktig å gjere dette for at trua di ikkje skal blekne og bli gløymd. Det kan hende at du har vore på leir tidlegare i år, og har hatt ein fantastisk opplevelse med Gud, men etter få dagar har gløymd han i alt stresset.
Ikkje gløym Gud. Han vil aldri gløyme deg.

1 kommentar: