lørdag 23. juli 2011

Det som skjer med meg

Dette skal jo og vere ein blogg om meg, så eg kan seie litt om det skjer med meg: I morgo, så reiser eg og mor mi på ein leir, der eg har fått ein spelejobb. Eg skal spele Å eg veit meg eit land og Til Telemark på fiolin. Eg er veldig glad eg fekk denne jobben, fordi eg likar å spele og spre glede med musikken min. Denne jobben skjer i utlandet og eg vil derfor representere Noreg i songane mine.

Om ein ved eit uhell kjem inn på sida mi og leser denna bloggen vil eg vere takknemmeleg om du kunne be for meg.

Dagen etter

I dag våknet alle i Noreg til ein ny dag, men denne dagen har blitt prega av det som skjedde i går. Halve Noreg er klistra til skjermen over det som skjedde i går. Resten er pårørande som ikkje orkar å høyre på det som skjedde. 

Eg vil oppfordre folk til å be for disse menneskene, som er prega og kommer til å bli prega av den mest tragediefulle hendinga i norsk historie sidan 2. verdskrig. På dager som denne er det vanskelegt å glede seg i herren, og me har lov til å gråte og sørge, men det er viktig å ikkje glemme dei som står igjen.

Det som skjedde i dag

I dag så har det vore i terroraksjon i Oslo. Saman med vener så har eg bedt for pårørande og andre som er involvera i situasjonen.

fredag 22. juli 2011

Eit nytt liv

Dette er ein blog om meg, Astrid. 
Eg er 16 år gamal,  brenner for Jesus og Musikk.
Eg har laga denne bloggen for meg sjølv, ikkje for at andre skal DISSE MEG NED, så om du ikkje likar det eg skriv om eller måten eg skriv på, så treng du ikkje lese det eg har skreve. 
Eg bur på ein plass der ein skriv og pratar nynorsk og det er derfor eg skriv på denne måten. Deal with it.

Denne bloggen kjem til å innehalde det eg vil, og det eg føler for.


Sida mi heiter Eit nytt liv, fordi eg denne dagen eg laga bloggen startar på eit nytt liv, der eg vil følgje etter Jesus og leggje mitt liv i hans hender og la han styre det. Eg har bestemt meg for at det ikkje er nok å bare tru lenger, men at eg vil gjere noko og gje noko tilbake til min frelsar.